Vedtekter for Tiriltunet barnehage A/S


1.Føremål

Tiriltunet barnehage skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar med tilhøyrande føresegner og retningslinjer.

Barnehagen skal, i den grad vedtektene gjev rom for det, formast i tråd med dei lokale behova slik at tilbodet blir mest mogleg brukartilpassa og fleksibelt.

2. Eigartilhøve, drift og forvaltning

Barnehagen er eigd og driven av Lene Foldnes Fjell og Bodil Foldnes

Barnehagen driv i nært samarbeid med kommunen, og styrar/eigarar og anna personale tek m.a. del i ulike møte- og kompetansetiltak som kommunen skipar til.

Barnehagen nyttar regnskapsbyrå.

Barnehagen skal ha eit samarbeidsutval og eit foreldreråd i samsvar med Lov om barnehagar. SU består av foreldre og ansatte, og kvar gruppe skal være likt representert, med to medlemmer frå kvar gruppe.

Endring av vedtekter kan gjerast av eigarane.

3. Opningstid og ferie og permisjon

Bortsett frå tre veker om sommaren, er barnehagen open heile året. Opningstida er kl 07.00 til kl.16.30, 5 dagar i veka.

Barnehagen er stengt laurdagar, jule- og nyttårsafta, og onsdag før skjærtorsdag

Alle barna skal avvikle 4 veker ferie. I perioden 15 juni til 01 august skal barna ta ut 3 veker samanhengjande ferie. Vi stengjer av i fellesferien (veke 28, 29, 30)

Den 4.veka skal og vera samanhengjande, og den må de ta i løpet av året. Ein kan som eit alternativ 4 veker ferie i sommarferien. Barnehagen er i tillegg stengt 5 planleggingsdagar i året.

Det kan søkjast permisjon frå barnehagen for minimum 3 månader og maksimum 12 månader. Oppstart etter endt permisjon når det er ledig plass i barnehagen.

4. Opptak

Øygarden kommune gjennomfører samordna opptak til ledige plassar om hausten, i private og kommunale barnehagar,- gjennom eitt hovudopptak. Søknadsfrist til hovedopptak er 01. mars. Opptak elles i året vert føreteke etter kvart som det vert ledige plassar.

Styrar har opptaksmynde.

5. Opptaksreglar

Barnet må vere fylt 10 månader før det kan byrje i barnehagen. Tildeling av plass vert ikkje vurdert før barnet er fylt 6 månader.

Føresette har høve til å søkje om overføring frå ein barnehage til ein annan. Overføring vert innvilga dersom det er ledig plass og etter at prioriteringsreglane er teke omsyn til.

6. Prioriteringsreglar

Barn med nedsett funksjonsevne skal ha rett til prioritet ved opptak. (Jfr. Lov om barnehagar § 13).
Krav til dokumentasjon: Skriftleg sakkyndig vurdering frå lege, psykolog, logoped, PPT, eller andre sosiale- og medisinske instansar.

Barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstjenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd skal ha prioritet.
Krav til dokumentasjon: Skriftleg vedlegg frå barnevernstjenesta med underskrift av barnevernsleiar.

Barn med innvandrarbakgrunn som treng barnehageplass som støtte til integrering i lokalsamfunnet. (Barn der begge foreldre har anna morsmål enn norsk, dansk og svensk)

Sysken til barn som har barnehageplass i same barnehage.

Barn av tilsette for å rekruttere og halde på naudsynt fagkompetanse.

Barnets alder og kjønn blir vurdert opp mot eksisterande barnegruppe, for å sikre at alle barn har nokon på sin alder i barnehagen.

Barn som er busett i nærmiljøet til barnehagen.

Når opptaksreglar og prioriteringsreglar er teke omsyn til, vert barn som har stått lengst på søkjarlista prioritert.

7. Opptaksperiode og oppseiingsfrist

Plass som er tildelt, kan behaldast til barnet byrjar på skulen, eller til foreldra sjølv seier han opp.

Oppseiing av plassen skal vere skriftleg. Reglane for oppseiing og betaling gjeld frå føresette stadfestar at dei tek imot barnehageplassen.

Vi tilbyr heile passar. Det er ein mnd gjensidig oppseiing av plassen, innan den 1. i kvar månad. Etter 1.april må foreldra betale t.o.m. juni måned.

Ved missleghald kan styrar seie opp plassen.

8. Husdyr i barnehagen

Vi har husdyr i barnehagen, og dersom barnet har allergi mot dyra, må foreldra vurdere tilbodet, og evt be om overflytting i annen barnehage.

9. Minibuss i barnehagen

Vi har eigen minibuss, og vi tar barna med på mange på turar og opplevingar. Dersom de IKKJE ønsker at ditt barn skal være med på bussturar, vil vi anbefale at de søkjer andre barnehagar.

10. Gruppesamansetning og arealutnytting

Barnehagen skal halde seg innanfor dei normene som er gjevne i Lov om barnehagar m.o.t. areal pr barn og barn pr. pedagogisk leiar.

11. Mat

Det blir servert eit varmt måltid til lunch to dagar i veka. Barna må ta med frukost og frukt, samt lunch dei resterande dagane. NB! Grunna covid-19 har barnehagen ikkje holdt måltider. Innføring av varmlunsj 1-2 dagar vil bli vurdert på nytt hausten 2021.

12. Fastsetjing av foreldrebetaling

Barnehagen følgjer statlege satsar for makspris på foreldrebetaling. Det vert gjeven 30% søskenmoderasjon for barn nr 2 og 50% for barn nr 3.

Betaling skjer ved forfall den 01.i kvar månad,og gjeld heile betalingsperioden sjølv om plassen ikkje vert nytta fullt ut. Dersom ein har låg betalingsevne kan ein søkje kommunen om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid jmf forskrift om foreldrebetaling i barnehagar §3. Denne ordninga er søknadsbasert.

13. Internkontroll

Barnehagen har internkontrollsystem som kontinuerlig arbeid med Helse-Miljø og Tryggleik og føresegn om ”Miljøretta helsevern i barnehager og skoler”.

14. Forsikring

Det er teikna ulykkesforsikring for alle barna som har plass i barnehagen.