Velkommen


Tiriltunet barnehage er ein 1-avd barnehage som starta opp i nyoppussa lokaler 01. august 2006, etter å ha vore familiebarnehage i sju år. Opningstidene våre er 7:00-16:30 mandag til fredag. Vi har 25 barn i alderen 1-5 år. Barnehagen ligg på gamle Foldnes, ca 7 min med bil frå Sartor senter. Barnehagen ligg på eit gardstun, der vi har kaniner og høner. Barna får ta del i stell og mating av dyra våre. Vi har fleire gongar hatt egg i rugemaskina vår, og nå har kyllingane blitt store høner.

Barnehagen har minibuss, og vi er stadig på farten. Vi reiser på gym, til byen, til sjøen og ellers der vi vil. Stemningen er alltid på topp når vi drar av gårde!

Like ved barnehagen har vi utmark, og der er kjekt å grille pølser eller lage suppe. I hytta vår kan vi samle oss og lese ei god historie, spele spel, eller sitte og høyre på at regnet trommar på taket.